Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015

 

Stortingsvalet 2021 - står du i manntalet?

Klikk for stort bilete 

Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett. Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje røyste ved stortingsvalet. 

Sjekk at du står i manntalet

Manntalet ligg til offentleg ettersyn frå 12. juli til og med valdagen 13. september i 1. etasje på Fjalerhuset. 

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalslistene, eller det er andre feil i listene, kan du klage til valstyret. Klaga skal vere skriftleg og må vere grunngjeven.

Adressa til valstyret er: Fjaler kommune v/ valstyret, Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord.
 

Les meir om manntal og røysterett

På heimesida vår www.Fjaler kommune.no kan du lese meir om manntal og røysterett