Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Steingrøft - Klikk for stort bilete

Fjaler kommune har i 2018 fått tildelt kr. 240.000 i SMIL-midlar.  Føretak som eigar eller leiger ein landbrukseigedom kan søkje om tilskot, dersom det foregår ein tilskotsberettinga produksjon på eigedomen. Søkjar må og vere registrert i einingsregisteret. 

Har du til dømes eit beite som skal ryddast, ei open kanal som skal restaurerast/steinsettast, ein gamal steingard som skal settast i stand eller eit bevaringsverdig bygg som du ønskjer å ta vare på, kan du sende søknad til Landbruksforvaltninga i Askvoll og Fjaler. Søknaden må sendast før du begynner på arbeidet.


Fristen for å søkje om SMIL-midlar i 2018 er  30. april.

Søknadsskjema

Publisert av Velaug Helle Eikemo. Ansvarleg Liv Synnøve Andersen. Sist endra 24.01.2018 av Velaug Eikemo
 
 
Login for redigering