Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktiviet

Arnarsonmila 2017 - Klikk for stort bilete Tenker ditt lag og organisasjon å søkje spelemidlar for å realisere eit anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv? Det er i 2017 frist 1. november for å levere søknaden inn til kommunen(seinare i år grunna at det er ny søknadsportal som opnar 1. oktober)

Det er eigar av anlegg som kan søkje støtte og alle ikkje-kommersielle aktørar kan søkje.

Hovudregelen for dei som søkjer er at dei må stå i handlingsdelen til kommunal plan. Denne vert rullert årleg ved behov og det er også her frist på 1. november. Nokon større anlegg må også inn i regional plan. Frist for innspel er her 6. oktober.

Meir informasjon som spelemiddelordninga får du på heimesida idrettsanlegg.no. Direkte link til bestemmelsane med detaljert informasjon finn du på:  https://www.regjeringen.no/contentassets/34fad27c0ac4485c9f9d7aa01875bfe1/v-0732b_2017_bestemmelser_om_tilskudd_til_anlegg_for_idrett_og_fysisk_aktivitet_2_utgave.pdf

Ta kontakt med kulturleiar Ingeborg Tysnes tlf. 57 73 80 44 eller epost iot@fjaler.kommune.no dersom du har spørsmål.

Publisert av Ingeborg Opdøl Tysnes. Sist endra 22.08.2017 av Ingeborg Opdøl Tysnes
 
 
Login for redigering