Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015

 

Sommarles 2021

Sommarles 2021 - Den magiske regnskogen - Klikk for stort bileteSommarles 2021 - Den magiske regnskogen 
Frå 1. juni til 31. august kan du som går i 1. til 7. klasse delta på Sommarles.no

Sommarles gjer lesing endå kjekkare! Du lagar ein profil på Sommarles.no, registrerer bøker, får lesetips, løyser oppgåver og følger med på kva vennene dine les. Her kan du også lese ei superspennande forteljing, skriven av forfattar Mari Moen Holsve. Har du ikkje tilgang til nett, kan du delta med eit lesekort. Spør på biblioteket!

Sommarles er for alle. For kvar bok du legg inn, får du XP (poeng) og går opp i level. Du kan lese vanlege bøker, e-bøker, lydbøker, teikneseriar, eller nokon kan lese høgt for deg - all lesing tel. Og sjølvsagt har vi premiar! Når du registrerer bøker du har lese, får du digitale trofé til profilen din på nettsida, og du kan hente premiar på biblioteket i løpet av sommaren.
 

 

Opningstid Fjaler folkebibliotek

Opningstider Fjaler folkebibliotek
Dag Tid
Måndag 14.00 - 19.00
Tysdag 10.00 - 15.30
Onsdag Stengt
Torsdag 13.00 - 19.00
Fredag 10.00 - 15.30
Fyrste laurdagen i kvar månad 10.00 - 15.00
Søndag Stengt
Folkebibliotek Fjaler
E-post
Telefon 57 73 80 17