Sommarjobb for ungdom 2021Jakob Sande si grav David Zadig Jakob Sande-senter for forteljekunst vil tilsetje skuleungdom / studentar over 16 år i sommarjobb i perioden 4. juni – 15. august 2021 med fast arbeidstad i gamle skulehuset i Dale. Arbeidstid vil vere frå tysdag - sundag, normalt frå kl 11-16 i ein periode på 2-4 veker. Oppgåvene er knytt til den daglege drifta av Sande-senteret Resepsjonsarbeid i skulehuset: Ta i mot gjestar og informere om tilbodet i tunet. Arbeid i tunet sin bokhandel og museumsbutikk. Fortelje om Jakob Sande sitt liv og verk i Klokkargarden og om senteret for forteljekunst Vere vertskap for Sande-senteret sitt kulturprogram gjennom sommarsesongen Produsere innhald til sosiale media og nettsider frå daglegliv og særskilde hendingar i tunet. Hage- og reinhaldsarbeid Oppgåver knytt til Klokkargarden sitt søndagsopne konditori Lisa i Li Oppgåver kan også vere knytta til ein turistinformasjon i Fjaler: Gje informasjon til besøkjande og produsere innhald for publisering på internett. Opplæring og søknad I forkant er det opplæring i arbeidsoppgåvene og du vil få rettleiing undervegs. Du bør like å jobbe sjølvstendig, kunne samarbeide og like å møte folk. Løna følgjer kommunen sine satsar . Send søknaden din til selskap@jakobsande.no innan 20. april. Meir info tlf 57737775 Publisert avMargrete Reisæter Publisert24.03.2021 14.41