Søknad om Smil-midlar og dreneringstilskot

Nytt i år er at alle søknader skal leverast digitalt.

På Landbruksdirektoratet si heimeside finn du:

Søknadsskjema for Smil og Søknadsskjema for drenering

Her finn du også utfyllande informasjon og tips til utfylling av søknadsskjema.
Innlogging skjer via Altinn.

I Askvoll og Fjaler er fristen for å søkje om Smil-midlar 30. april
Fristen for å søkje om midlar til drenering av jordbruksjord er seinast 1. oktober.  Du må sende søknaden før du begynner på arbeidet.

Har du spørsmål om tilskot til Smil- eller dreneringsordningane kontakt landbruksforvaltninga v/Liv Synnøve Andersen.