Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.
Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 10.00 - 14.00. 

 

Søk midlar til verna kulturminne

Klikk for stort bilete Lillingstonheimen No er det midlar til kulturminne! Frist 10. mars til Fjaler kommune

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til verna kulturminne.

Kullturminnet bør vera nemnt i Kulturminneplanen til Fjaler. https://www.fjaler.kommune.no/innbyggjar/kultur-idrett-og-fritid/kulturminne/

Søknaden skal sendast til kommunen kulturminnet ligg. Søknadsfristen for kommunen er 15. mars og vi bør difor få søknadar innan 10. mars slik at ein kan prioritere dersom det kjem fleire søknadar.

Sjå meir informasjon om stønadsordninga på https://www.vestlandfylke.no/kultur/kulturarv/tilskot-til-istandsetjing-av-verneverdige-kulturminne/

Spørsmål kan stillast til kulturleiar Ingeborg Opdøl Tysnes, tlf 57 73 80 44 eller epost: iot@fjaler.kommune.no

Ingeborg Tysnes
Leiar kultur
E-post
Telefon 57 73 80 44
Mobil 988 65 054