Søk kulturminnemidlar innan 1. oktober

Det vart innført ein søkbar pott på 50 000 på kulturminnemidlar då ein innførte kulturminneplanen i 2019.  Denne har søknadsfrist 1. oktober kvart år.

Tilskot frå kulturminnemidlar skal støtte lokalt kulturminnearbeid.

  • Alle som driv med kulturminnearbeid i Fjaler kommune kan søkje støtte frå ordninga:
    private eigarar og forvaltarar av kulturminne i kommunen. Eigarar og forvaltarar kan vere privatpersonar, stiftingar, frivillige organisasjonar og liknande.
  • Privatpersonar, kommunale organisasjonar, frivillige lag og organisasjonar og andre lokale organ
    som driv med formidling av kulturminne.
  • Det er i år sett av 50 000 i ordninga

Ein kan søkje støtte til: 

  • Formidlingsprosjekt (kurs, opplæring, informasjon, og liknande).
  • Tiltak som restaurering, vedlikehald, bevaring og utvikling av kulturminne

Kriteria for tildeling: 

  • Kulturminne og tiltak som er del av gjeldande Kulturminneplanen for Fjaler kommune vert
    prioritert som i kulturminneplanen. Prioriterte område i gjeldande kulturminneplan er
    fornminne, særprega bygningsmiljø, industrihistoria og samferdsle og kommunikasjonar(sjå
    bakside)
  • Det vert vurdert som positivt dersom kulturminnet er tilgjengeleg eller synleg for allmenta

Slik søkjer du

Sjå meir informasjon om ordninga her på heimesida under kulturminne