Søk barnehageplass innan 01. mars

Det er ledige barnehageplassar frå hausten 2025. Kommunale og private barnehagar har samordna opptak med felles søknadsstad og fristar. 

Alle barn som fyller 1 år seinast 30.11.2025 og som har søkt innan fristen 01. mars, har lovfesta rett til barnehageplass i den kommunen dei er busette i. Søknader som kjem inn etter fristen, vert ikkje handsama før etter at alle med lovfesta rett til barnehageplass har fått tilbod om plass.

Slik søkjer du:

Du søkjer elektronisk på Fjaler kommune sin nettstad for føresette:

Sjå opplysningar om barnehagane i Fjaler, prisar og lekkje til søknadsstad her på Fjaler kommune si heimeside.