Skal du bygge pergola? Sjekk om du må søke

No nærmar sommaren seg og mange er starta med å planlegge små og store byggverk i hagen. 

Vil du sikre deg mot regnbyer og leggje tak på pergolaen, kan det hende du må søke løyve til det hos kommunen

Pergola er definert som eit byggverk av stolpar eller søyler, som er overbygd med bjelkar/stokkar lagt med opne mellomrom. Dersom det blir lagt tak på byggverket er det ikkje lenger definert som pergola, og det vil vere medrekna som bebygd areal (BYA) på eigedomen.

Les meir om å bygge pergola på dibk.no