Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015
Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar klokka 10.00–12.00.

 

Skal du arrangere / er du arrangør?

Klikk for stort bileteFabel ungdomsteater si framsyning "Fluenes herre"
Det bør utabreidast ein skriftleg plan for gjennomføring av arrangementet for å sikre god smittervernhandtering.

Planen skal innehalde:

Har du spørsmål kring dette kan du kontakte kultursjef Ingeborg Tysnes på epost: iot@fjaler.kommune.no
 

Kommunen har tilsynsansvar

Ver merksam på at kommunen har eit tilsynsansvar med at reglane i smittevernlova og dei nasjonale smitteverntiltaka vert fulgt og kan difor gjennomføre kontrollar.

Kva vert rekna som eit arrangement?

"Sammenkomst på offentleg stad eller i lokaler og utandørs areal som leigast eller lånast ut, inkludert hotell, grendehus, forsamlingshus, konferansesalar og hallar"

Nasjonale reglar som gjeld frå 16. april 2021

Frå regjeringen.no :

  • Regjeringa anbefalar at arrangement som samlar personar fra ulike kommunar vert utsett eller avlyst.
  • Maks 10 personar på innandørs arrangement utan faste tilviste sitjeplassar, men likevel inntil 50 personer på idretts- og kulturarrangement som samlar deltakarar under 20 år som tilhøyrer samme kommune 
  • Maks 100 personar på arrangement innandørs der alle i publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar 
  • Maks 200 personar på arrangement utandørs, men 600 personer (fordelt på 3 kohortar á 200 personer) dersom dei sit på faste tilviste plassar og det er to meters avstand mellom kohortane 
  • Arrangøren skal iverksette tiltak for å ivareta krav til avstand mellom deltakarar som ikkje er i samme husstand på arrangement der publikum sit på faste, tilviste sitjeplassar. Dersom det er nødvendig skal det nyttast vakthald for å sikre dette.
  • Dei samme reglane gjeld for å skjenke alkohol på arrangement som på serveringsstader

 

Kva må du som arrangør ta stilling til?

  • Samlar arrangementet personar frå ulike kommunar?
    Dersom ja-  så må ein anten rå folk som kjem frå andre kommunar om ikkje å komme eller avlyse/utsette arrangementet.
  • Kven er arrangør? Viktig å informere på arrangementet kven som er ansvarleg og kven som kan kontaktast dersom spørsmål om smittevern.
  • Er det mogeleg å halde minst 1 meter avstand til andre som ikkje er i same husstand? Som hovudregel treng ein då 4m2 per person.
  • Informere i forkant om at dei som er sjuke ikkje skal delta på arrangementet.
  • Ha ei oversikt over dei som er tilstades på arrangementet slik at dei kan kontaktast i ettertid. Det er tilstrekkeleg at denne lista er dei som har kjøpt billetten – og så er dei igjen ansvarleg for dei han/ho har kjøpt billettar til. Denne lista kan slettast etter 14 dagar.
  • Henge opp synlig informasjon om generelle hygieneråd.
  • Ved større arrangement bør ein også vurdere korleis mistenkt smitta skal handterast for eksempel om det finst eit eige rom desse kan opphalde seg.
  • Informer i forkant og før arrangementet om at publikum må unngå trengsel på veg inn og ut av arrangementet.
Ingeborg Tysnes
Leiar kultur
E-post
Telefon 57 73 80 44
Mobil 988 65 054