Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

Sjukeheimen har besøksrestriksjonar for personar som har vore i område med stort smittepress

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet


Fjaler Kommune har vedtatt besøksrestriksjonar på Fjaler Sjukeheim for personar som har  vore i område med stort smittepress dei siste 10 dagar. Dette er eit førebyggjande tiltak for å beskytte ei sårbar risikogruppe for Covid-19 infeksjon.

Vedtaket gjeld frå 10.11.2020 og vert revurdert kvar sjuande dag. Kommunestyet vedtok i møte 19. november at kommunedirektøren har fullmakt til å fornye vedtaket kvart 7. dag fram til neste kommunestyremøte.

Vurdering som ligg til grunn for vedtaket:

Oslo og Bergen har over tid hatt pågåande smitteutbrot som ikkje er avklara. Det er eit tett forhold mellom Bergen og Fjaler sosialt, arbeidsmessig og utdanningsmessig. Oslo har som hovudstad ein sentral posisjon, der det er mange utflyttar som bur. Det er for Fjaler Kommune viktig å skjerme den pasientgruppa som er mest utsatt for alvorleg utkomme av Covid -19 infeksjon, samstundes som ein i minst mogeleg grad vil ramme dei med isolasjon frå sine nære. Kommunen vurderar ei avgrensing av besøk til sjukeheimen, som målretta med tanke på å unngå smitte inn i institusjonen.

Med årsak i den uavklara smittesituasjonen i Oslo og Bergen, og etter ei heilhetsvurdering, vert tiltaket vurdert som nødvendig for å beskytte ei sårbar gruppe.