Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Koronastatus for Fjaler

Spørsmål om Koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Siste nytt om Covid-19 for Fjaler kommune veke 22

Klikk for stort bilete

  • Det er framleis ingen personar med påvist smitte i Fjaler kommune. Legekontoret testar 1 - 4 personar pr. dag.
  • Med årsak i liten bruk vert den lokale publikumstelefonen om covid-19 lagt ned frå 27.mai. Vi minner om at den nasjonale publikumstelefonen fortsatt kan nyttast til spørsmål som gjeld covid-19.
  • Tysdag 2. juni er vi tilbake til vanlege opningstider i barnehagane i Fjaler. Meir info får de direkte frå barnehagane.

  • For spørsmål rundt bruken av kommunale kulturbygg: kontakt Ingeborg Tysnes på e-post ingeborg.tysnes@fjaler.kommune.no eller telefon 57 73 80 44.
  • Fjalerhuset er ope. Det er ynskjeleg at du avtalar møtetid pr. telefon eller e-post på førehand. Her finn du kontaktinformasjon.
  • Fjalerhuset opnar ikkje for utlån/utleige av møtelokale til eksterne.
     

Hugs at dei generelle smittevernråda framleis gjeld!