Serviceskyss i Fjaler kommune

Serviceskyss er eit transporttilbod som er ope for alle. Det er først og fremst tenkt som eit tilbod til eldre eller dei som har vanskar med å følgje offentlege transporttilbod, eller dei som har lang veg til slik skyss.

Publisert av Bente Solheim. Sist endra 26.07.2016 av Bente Solheim

Det er sett opp ruter på faste dagar og til fast tid.

Stadane som kjem innanfor ruteområdet for serviceskyssen er:

Dale: Kvar torsdag kl. 09.45 frå Tømmerbakke via Ormehaug/Løseth til Dale og lokalt i sentrum.

Dale taxi: 970 19 270.

Flekke: Kvar fredag kl. 09.30 frå Straumsnes til Flekke. Til Dale siste fredag i månaden.

Flekke Taxi: 971 56 565.

Guddal: Kvar fredag kl. 09.45 frå Heggheim til Flekke. Til Dale siste fredag i månaden.

Guddal Taxi: 971 82 886.

Våge: Kvar fredag kl. 14 frå Folkestad til Grytøyra. Kvar fredag kl. 14.30 frå Folkestad til Korssund.

Dale Taxi: 970 19 270.

Serviceskyss kostar kr 50,- tur/retur.

Påmelding pr. telefon innan kl. 19 kvelden før.

 
 
Login for redigering