Samvirket er midlertidig stengt for utleige

Klikk for stort bilete 

Bruksendring

Samvirket vart kjøpt av Fjaler kommune til produksjonslokale for scenekunst og møteplass for ungdom. Etter ein periode med utprøving må ein no gjera ein del tiltak for å gjera bygget godkjent som forsamlingslokale. For å verte godkjent må ein inn med brannalarm, rømningsvegar, ventilasjon, oppvarming m.m.

Vi kan difor ikkje ha forsamlingar i lokalet fram til dette er gjennomført. Vi håper desse tiltaka er ferdig vinteren 2020/2021.

Frivilligsentralen og BUA vil framleis vera stasjonert og fungere i bygget.

PS Teaterfestivalen i Fjaler har fått dispensasjon for festivalperioden 2020

Spørsmål?

Ta kontakt med kultursjef Ingeborg Tysnes på Fjalerhuset tlf. 57 73 80 44 eller Margrete på Frivilligsentralen/ BUA Fjaler på Samvirket tlf. 57 73 80 20.