Så er det på`an igjen!

Klikk for stort bileteEtter ein velfortent pause i jula: her er noko du kan delta fast på i fritida. Starte med noko nytt kanskje? Trim og trening, dans, karate, korsong, musikk, bading, skyting, strikking... Og om du treng fritidsutstyr, har vi mykje i BUA Fjaler på Samvirket. Gratis utlån! (foto)

I Fjaler har vi mange frivillige lag og organisasjoner og andre som held hjula i gong for oss. Er det noko tilbod du tykkjer manglar her? Meld frå til Frivilligsentralen, Margrete tlf 57738020

 

 

Fjalerhallen

Utover faste treningar for fotball og handball kan du vere på dette:

Basistrening  Måndag kl 18.30 og torsdag kl 19.30 Kontakt: Malene Solheim

Badminton  Måndag 21.00 - 22.00 Onsdag kl 20.00 - 22.00 Fredag 19.00 - 20.00 ( prioritert familiar/ barn ) Kontakt: Hilde Genberg

Volleyball  Måndag kl 18.30 - 20.00 og onsdag kl 19.00-20.30. Mixvolley frå 7. klasse og oppover. Kontakt: Ivar Vårdal

Spinninghemsen her må du tinge tid Kontakt: Linda Hovland

Treningssenteret er ope 24/7 for eigentrening. Kontakt: Vidar Samuelsen

"Dansesalen"

Karatetrening onsdag kl 18.00 - 19.30. Kontakt: Lavik karateklubb, Thomas Losnegård

MIX styrketrening onsdag kl 19.30. Oppstart 8. januar. Kontakt: FetT, Eli Terese Sande

Miniatyrskytebana

Skytetrening måndag og onsdag. Kontakt Dale skyttarlag, Svein Jarle Løseth

Løpetid 

For deg som likar å springe/ jogge.  Oppmøte kvar torsdag kl 19 ved Fjaler ungdomskule. Kontakt:Svint IL v/  Ingeborg Opdøl Tysnes

Aktiv på dag

Måndag kl 11-12  i Fjalerhallen, Dale. Tysdag kl 10.30 - 11.30 i grendahuset, Våge og torsdag kl 10.30 - 11.30  på skulen, Guddal . Kontakt: Fysio/ ergo-tenesta i Fjaler kommune

Samvirket

Rullerampa i Samvirket er open kvar tysdag kl 17.30 - 19-00 Her kan rulle og ramle og har du ikkje eige utstyr, kan du låne det på BUA Fjaler i same bygg. BUA Fjaler er ei gratis utlånsordning av fritidsutstyr og har ope kvar dag og ein ettermiddag i veka, tysdag til kl 19.00.

Turløyper

Fjaler har mange ulike ulike turløyper  (Kystarven 2012)   (PDF, 325 kB) og ei flott dagsturhytte , "Vidsyn" (2019),  på Bygdeheia  på Våge

Yoga

NowYoga & Ernæring. Kontakt Lesley Robertson for tilbod og timar

MediYoga & Mindfulness Meditasjon. Kontakt: Din Helsevenn, Lena Therese Solheim for tilbod og timar

Bassenget på Haugland

Ordinær offentleg badetid fredag kl 17-20 og sundag kl 11-17

FyssVass torsdag kl 19.30  - 20.30 i varmbassenget. Kontakten Gry Nistad Frankland melder oppstart på nyåret

Fjaler symjeklubb startar opp att med nye kurs måndag 20. januar. Kontakt: Roald Standnes

Flekke

Sirkeltrening tysdag og torsdag kl 19.00 på Flekke skule. Kontakt: Eva Kyrkjebø

Variert trening i gymsalen på Haugland kvar måndag kl 19.00. Kontakt: Karin Johansen

Strikkekveldar i Vonheim. Kontakt: Hilde Ylvisåker Igelkjøn

Dans

Seniordansen Måndag kl 15-18 på Fjaler ungdomsskule. Linedans til  kl 15.50, seniordans frå kl 16.00. Kontakt: Hildur Refsnes

Torsdagsdansen med kulturkàfè kl 20- 22 på omgang mellom Dale, Flekke, UWC og Straumsnes. Oppstart 9. januar på Straumsnes. Kontakt: Knut David Hustveit / Asbjørn Eikerol

Barnedansen for gutar og jenter frå 5 år og oppover i Trudvang kvar tysdag kl 18-19. Kontakt: Jan Haugen

Hellevik

Strikkekafè på Hellevik annakvar sundag kl 19.00 - 21.00. Oppstart 12. januar . Kontakt: Anne Hopland

Musikk og song

Dale musikkkorps øver måndag kl 19.15 - 21.30 på Dingemoen skule. Ny øvingsdag og ny dirigent frå 2020: Mari Therese Martinussen frå Sunnfjord kulturskule. Kontakt: Arve Arstein. Palmejam 2020 er 4. april på Samvirket Scene

Dalsfjorden spelemannslag øver kvar tysdag 18.30 - 21.00 på Vevang dagsenter. Kontakt: Helga Åsnes. Dei arrangerer Fylkeskappleiken i Dale nest siste helga i mars

DeKor øver kvar torsdag kl 19.30 - 21.30 på Dingemoen skule. Kontakt: Mia Laukeland

Fure og Våge songlag øver tysdag kl 20-22 på Våge skule. Kontakt: Jofred Åsnes

Cantus øver kvar onsdag  kl 20.00 - 21.30 på Ljosheim

Dale barnekor, DoReMi, Guddal familiekor. Kontakt Mark Taylor (dirigent) for øvingstider

Og ikkje minst,

Kulturskulen for Hyllestad og Fjaler sjå nettsida Kontakt: rektor Erlend Eide

 

Rettingar

Meld som sagt inn endringar for trening/øving/ møtetid og kontaktpersonar til Frivilligsentralen (på Samvirket) , så skal vi rette det opp i basen for lag/ org og her.