Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

Rekord for TiTur Dalsfjorden 2020

Klikk for stort bilete 
TiTur Dalsfjorden er eit samarbeid mellom Askvoll kommune, Fjaler kommune, Indre Sunnfjord turlag og turgrupper i Askvoll og Fjaler.

Frå 10. mai til 1. oktober har vi invitert folk til å besøke 10 utvalde fjellturar i desse kommunane og dei som har besøkt alle har fått utdelt t-skjorte.

 

No er årets TiTur Dalsfjorden over og vi ser at det er rekordmange som har gjennomført alle dei 10 turane. I 2020 var det 223 som leverte inn turkort mot 141 i 2019 (121 i 2018 og 130 i 2017).

Det mest gledelege med dette var at vi i år nådde mange fleire born og unge. Heile 59 under 18 år gjennomførte mot 21 i 2019. Den yngste som gjennomførte var 3 mnd! Og den eldste var 77 år.

 

Vi har trekt gåvekort på 1000 kroner på Dale sport blant dei som leverte inn og vinnarane 2020 er:

  1. Mari Y. Myklebust
  2. Nils Inge Yndestad
  3. Agnieszka Swat

Instagramkonkurransen for dei som merka bilete dei la ut med #TiturDalsfjorden2020 vart vunne av Karina Helle som også får gåvekort (sjå bilete over).

Vi vil takke grunneigarar i områda, YX i Dale og Askvoll for utdelinga av premiar og entusiastiske turgåarar i begge kommunar og regionen rundt!
 

Vi har allereie begynt å planlegge turar for 2021 og skal no klare å starte 1. mai!