Regionalt miljøtilskot - Endra reglar og nye kart

Klikk for stort bilete

Første søknadsomgang for nytt, felles regionalt miljøprogram for Vestlandet er no i gang.  Fristen er 15. oktober. Det er mange endringar i denne ordninga i år.

Dei to ordninga som har vore mest aktuelle for Fjaler kommune, har vore steingardar/bakkemurar og bratt areal.

Steingardar/bakkemurer vert det ikkje lenger gjeve tilskot til.

Bratt areal er om lag som i fjor, det er krav om slått av arealet og graset må vere nytta til fôr.  Du må diverre teikne areal inn i kartet på nytt, det er ikkje mogeleg å importere opplysningar frå tidlegare år. 

All informasjon om ordninga ligg på heimsida til Fylkesmannen i Vestland, her ligg også gode og detaljerte videoar om korleis du fyller ut ny søknad og legg inn opplysningar i kart.

Av dei ulike ordninga som kan søkjast på, er desse dei meste aktuelle for Askvoll i 2019:

Av nye tiltak som er komt med i regionalt miljøprogram er m.a spreiing av husdyrgjødsel, men det forutsetter at ein har det utstyret som må til for å kunne søkje på desse ordningane:

Dersom du trur du må ha hjelp,vil vi oppmode deg til å vere tidleg ute med søknaden, slik at vi eventuelt kan hjelpe til før fristen, 15. oktober (same dato som for produksjonstilskot)