Rapporten "Oppdrag 31: Rett på fritid"

Foto: Kulturminister Trine Skei Grande og ungdomsordførar i Fjaler Andrés Foroud Heybaran 1 - Klikk for stort bilete

I dag vart rapporten «Oppdrag 31: Rett på fritid» overrakt kulturminister Trine Skei Grande. Denne rapporten er laga av Redd Barna saman med mellom anna Ungdommens kommunestyre i Fjaler og skal seie noko om Barnekonvensjonen sin artikkel 31 som gjev alle born rett til kvile og fritid, og til å delta i leik og fritidsaktivitetar, og fritt ta del i kunst og kulturliv.


 

Å vera inkludert på fritidsarenaer bidrar til av born og unge føler tilhøyrigheit og fellesskap, og styrkar deira oppleving av meistring, friheit og glede saman med andre.

Rapporten seier noko om kva som er viktig å få til for at born skal få mogelegheit til å delta i fritidsaktivitetar og ha det bra på fritida. Kva er dei største utfordringane og korleis kan dei løysast?

Redd Barna har snakka med ungdomsråda i Fjaler, Mandal, Tana og bydel Vestre Aker i Oslo.