Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015
Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar klokka 10.00–12.00.

 

Prekvalifisering for kunst til Dingemoen skule og fleirbrukshall


Klikk for stort bileteDingemoen skule Illustrasjonar av ARKI Arkitektar
Fjaler kommune utlyser prekvalifisering for kunst ved Dingemoen skule og fleirbrukshall, som er under bygging i Dale i Fjaler kommune. Det kan bli direkte oppdrag eller lukka konkurranse for prosjekt, inne og/eller ute. Budsjettramme for kunst: kr 850.000. Det søkjast om ytterlegare midlar.

Ein ber interesserte profesjonelle kunstnarar sende søknad med grunngjeven interesse, dokumentasjon av inntil 10 arbeid, og CV, i eit PDF-dokument (maks 7 mb), innan 20.mai 2021.
 

Nye Dingemoen skule

Fjaler kommune bygger ny skule på Dingemoen, som skal huse både barne- og ungdomsskuletrinna, 1.-10.klasse, i eit felles bygg. Bygget blir ei erstatning for Dingemoen barneskule og Fjaler ungdomsskule, som før har vore på to ulike stader.

Den nye skulen skal ha ein normal kapasitet for 300 elevar og 60 tilsette.

Bygget vil òg innehalde ein fleirbrukshall med tribune. Fleirbrukshallen skal kunne nyttast til ulike typar kulturelle arrangement, som konsertar og framføringar, i tillegg til idrett. Nær hallen finn ein musikkrom som vil bli nytta av kulturskulen på kveldstid.

Bak skulen vil det bli opparbeida eit stort uteområde med ulike aktivitetssoner, ballbingar o.s.v. Skuleområdet vert slik også ein viktig arena for sosiale relasjonar og fysisk og kulturell aktivitet.

Skulen har, i tilknyting til kantineområdet, eit vrimleareal/allrom med trappeamfi og galleri, som vil vere ”skulens hjerte”. Dette området skal kunne brukast til enklare samlingar og fellesaktivitetar. Her er det godt med naturleg lys, og ein har også inngang til biblioteket herifrå. Den tilhøyrande ’Skulegata’ og trinntorga koplar anlegget saman. Ekstra takhøgd og himlingshøge vindauge i lyse klasserom gjev gode arbeidsforhold. Dagslys har vore viktig for organisering av skulen, saman med tydeleg og lun fargebruk.

Skulebygget vil vere ein ressurs for nærmiljøet og er eit sambruksprosjekt mellom skule, kulturskule og idrett. Bygget, som er på 5500 m2, er teikna av ARKI Arkitektar. Entreprenør er Åsen og Øvrelid, og landskapsarkitekt Asplan Viak.
 

Klikk for stort bilete Illustrasjonar av ARKI Arkitektar  

Identitet og målgruppe

Dingemoen skule ligg i Dale i Fjaler kommune, eit naturskjønt område med ei rik og interessant historie. Her har det vore stolte handverks- og industritradisjonar, bl.a. ein kjent skofabrikk og tønnefabrikkar. Dale var også berømt for sine særs gode skular, det er såleis ei lang og solid skulehistorie i dette området. Det kan òg nemnast at Dingemoen, plassen der skulen byggjast, ein gong i tida var nytta som ekserserplass, og det var/er også mange gamle gravhaugar i området.

Dei historiske perspektiva er med på å forme stadens identitet, og det kan kunstnarane gjerne vere seg bevisst, og la seg inspirere av.

Kunstutvalet ønskjer uansett å understreke at ein ser det som viktigast at kunsten har fokus på det notidige, aktuelle og framtidsretta – at kunstnarane har søkjelys på dei samtidige utfordringane og den unge målgruppa si framtid.

Kunsten vil ha ei klår hovudmålgruppe, som det er viktig for oss at kunstnarane ivaretek og fokuserer på; elevane, ei ung og aktiv brukargruppe.
I tillegg skal kunsten òg kunne appellere til den utvida målgruppa som består av dei tilsette ved skulen og dei lokale besøkande til fleirbrukshallen.

Kunstprosjekta vil få god synlegheit i dei mest sentrale og mest besøkte delane av bygget og/eller utanfor inngangsparti, og kan slik bli opplevd av heile lokalbefolkninga.
 

Fokus for kunsten

Kunstutvalet ønskjer ikkje å etterspørje ein særskild tematikk for kunsten, men vel å framheve viktigheita av å kunne kommunisere til dei ulike alderstrinna, og møte dei unge på område dei er opptekne av.

Vi ønskjer kunst som vekker nysgjerrigheit, og bidreg til å skape refleksjon, engasjement og open samtale – og som er relevant over tid.

Ettersom vi her har ei ung målgruppe i utvikling, ønskjer vi oss kunstuttrykk som både kan møte dei yngste og som kan vekse med dei etter kvart som dei blir eldre, og gje nye meiningsfulle opplevingar og betraktningar over tid.

Vi ser òg positivt på kunst som er imøtekommande, inkluderande, open og gjerne leikande. Kunst som syner framtidsoptimisme, innovasjon, og som kan inspirere og tilføre nye dimensjonar i dei unge sine liv.

Utvalet vil vektleggje tydeleg og god materialkvalitet og taktile kvalitetar, og vi er også opne for prosjekt som inviterar til deltaking av ungdommane.
 

Kvalitative krav

Kunstutvalets mål for kunsten på skulen er at den skal vere av høg kvalitet, både når det gjeld utføring og kunstnarisk uttrykk.

Det er viktig med ein solid og varig teknisk kvalitet. Kunstarbeida må vere stabile og robuste nok, må tåle berøring (om det ikkje heng utanfor rekkevidde), og vere relativt enkle å vedlikehalde og halde reine.

Utvalet etterspør også at kunstnaren har eit medvit i forhold til berekraft og miljø, når det gjeld materialbruk og liknande. Miljøperspektiv er noko den unge målgruppa er oppteken av, så vi ser gjerne at det inngår i kunsten, på fleire vis.

På bakgrunn av dette ser utvalet etter samtidskunst av høg kvalitet, som er open, reflekterande, miljømedviten og samfunnsengasjert.
 

Søknadsinformasjon:

Kunstutvalet, leidd av kunstkonsulent Helene Førde, vil invitere dei valde kunstnarane til ein vidare prosess basert på innsendte søknader. 1 eller 2 prosjekt vil få oppdraget.

Kunstutvalet har ønskje om å få kunsten installert før/til sommaren 2022. Beskjed etter første runde vil bli gitt før sommarferien 2021. Budsjettramme for kunst: kr 850.000. Det søkast om ytterlegare midlar.
 

Kven kan søke:
Profesjonelle kunstnarar og kunsthandverkarar med tilknyting til Noreg/Norden. Vi oppfordrar også kunstnarar utan erfaring frå kunst i offentleg rom til å søke.
 

Søknadsfrist:
20. mai 2021
 

Søknaden må innehalde:
Kort om di grunngjevne interesse for oppdraget, dokumentasjon av relevante tidlegare arbeid, og oppdatert CV.(Opplysingar om titlar, årstal, materiale og storleik inkluderast i dokumentasjonen.) Konkrete forslag ønskjast ikkje i denne delen av prosessen.

Alle dokument samlast i ei PDF-fil, på maks 7 mb. Namngje søknadsdokumentet med: etternamn_fornamn.pdf


Søknaden sendast til:
Søknaden sendast til kunstkonsulent Helene Førde: helene.foerde@gmail.com

Merk e-post med: Prekvalifisering Dingemoen og ditt namn.

Klikk for stort bileteDingemoen skule amfi Illustrasjonar av ARKI Arkitektar