OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Pårørandekurs til personar med demens

Fjaler kommune inviterer til kurs og samtalegruppe for pårørande til personar med demens.  

Kva er pårørandekurs og samtalegruppe?

Dette er eit tilbod til deg som har ein familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom. Personen med demens kan bu heime eller på institusjon. Gjennom faglege innlegg og gruppesamtaler får du kunnskap om demens, og innsikt i kva følgjer sjukdommen kan ha for personen med demens, deg som pårørande, og familien ellers. Du treff andre pårørande i same situasjon og fagpersoner med kompetanse på området.

Samlingane vert inndelt i ulike tema med ei fagleg innleiing, før gruppesamtale/erfaringsutveksling.

Kurset er eit samarbeid mellom Sunnfjord kommune og Fjaler kommune.


Tema for gruppene

Det vert fire samlingar, med følgjande tema:

  • Kva er demens?
  • Pårørandeerfaring/eigenomsorg/ sorg og tap.
  • Kommunikasjon og samhandling.
  • Hjelpemiddel/støtteordningar/tenester.


Tid og stad 

Stad: Førde, Prestebøen 8

Datoar: 19.oktober, 26.oktober, 2.november og 9.november

Klokka: 18.00 – 21.00

Det er gratis å delta

Kurset vert arrangert med atterhald om tilstrekkeleg antal påmelde.


Påmelding og meir informasjon

Påmelding innan 7.oktober

For påmelding eller meir informasjon, ta kontakt med: 

Demensteam Fjaler: Oline Lindelid og Evy Solheim
Mob. 41 46 95 82 / Tlf. 57 73 81 47
 

Her finn du brosjyre for meir informasjon om pårørandekurset  (PDF, 203 kB)

Til toppen