Oppstart av planarbeid - Kommuneplanen sin arealdel 2019-2029

Fjaler kommune har engasjert Norconsult AS til å revidere kommuneplanen sin arealdel for Fjaler.

 

Den 24.10.2018 blei arbeidet offisielt starta, og det blei gjennomført eit arbeidsmøte der Norconsult og delar av administrasjonen deltok. Her gjekk vi gjennom planprosessen, sterke/svake sider med dagens arealdel, kva fokusområder som ny plan må løyse og vegen vidare.

 

IMG_0559 - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I samband med planprogrammet, som no er under arbeid, vil det bli halde folkemøter i Dale, Flekke, Guddal og Våge. Fjaler kommune er avhengig av innspel frå bebuarar i kommunen for å kunne utarbeide ein mest mogleg framtidsretta arealdel. Så derfor håpar vi flest mogleg, i alle aldrar, set av tid til å komme på folkemøta.

 

Første runda med folkemøter vert gjennomført på følgjande tidspunkt:

Guddal 06.12.2018  kl. 19:00 Yndestad gard
Flekke 11.12.2018  kl. 19:00 Grendahuset i Flekke
Våge 12.12.2018  kl. 19:00 Grendahuset på Våge
Dale 13.12.2018  kl. 19:00 Kommunestyresalen, Fjalerhuset

 

Vi håpar på stort engasjement rundt om i bygdene. No er vi i gang!