Oppmoding til frivillig innsats

Klikk for stort bilete 

Når vi i kommunen no lagar planar og riggar tenestene våre for Korona-pandemien, må vi tenkje ressursbehov både på kort sikt og på lengre sikt.

Vi må ta omsyn til eit scenario der svært mange innbyggarar vert sjuke og vil trenge bistand frå kommunen på ulike måtar. Vi må også planlegge for at mange tilsette vert sjuke, noko som vil medføre at vi vil mangle ressursar på nokre områder. Særleg kritisk kan det bli innanfor helse og omsorg.

Vi kan komme i ein situasjon der vi får mangel på tilsette og vi planlegg difor no med reservepersonell.

I første omgang ynskjer vi å kartlegge ekstra personell vi kan ha som ein buffert. Vi henvende oss til difor no til pensjonistar, personar med deltidsstilling som kan jobbe ekstra, studentar eller til dei som har ledig kapasitet til å gjere frivillig innsats ein periode.
 

Kontakt oss

Dersom du er ein av dei vi kanskje vil trenge så ber vi om at de tek kontakt med Fjaler kommune:
 

E-post: postmottak@fjaler.kommune.no

Telefon: 57 73 80 00

Opgje namn, telefonnummer, bakgrunn/tidlegare jobb og kva du eventuelt kan bidra med.

 

Bente Nesse
Kommunedirektør