Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Koronastatus for Fjaler

Spørsmål om Koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Opplæring i lungefysioterapi i helse og omsorgstenesta

Klikk for stort bileteI helse og omsorgstenesta gjer vi mange tiltak for å førebu oss på å ta imot koronasmitta pasientar som treng helsehjelp frå kommunen. Det er etter kvart kjent for oss alle at mange av dei koronasmitta innbyggarane som treng helsehjelp slit med å puste som normalt.  

For å gjere dei tilsette førebudd på korleis dei skal møte denne utfordringa har alle tilsette som er aktuelle for å arbeide med denne pasientgruppa i løpet av den siste veka fått opplæring i lungefysioterapi.

 

 

Margrete Juklestad er tilsett som fysioterapeut på fysioterapiavdelinga i Fjaler kommune. Ho har praksis frå Glitreklinikken som er ein rehabiliteringsklinikk for lungepasientar. Med bakgrunn i erfaringa ho har frå tida på Glitterklinikken har ho laga eit tilpassa undervisningsopplegg for tilsette med helsefagleg bakgrunn i Fjaler kommune. Vi har hatt 15 økter med maksimum 6 til stades på kvar økt, for å nå fram til alle aktuelle tilsette. Dette gjer at eventuelle koronasmitta innbyggarar som treng helsehjelp frå kommunen skal vere endå tryggare på å bli godt ivaretekne.