Opna ny kunstgrasbane på Våge

Miniputtar på kamp 1 - Klikk for stort bilete Opninga av ny kunstgrasbane på Våge vart markert med tale frå ordførar Gunhild Berge Stang før ho fekk på seg Furedrakt og tok avsparket i kampen!

Fjaler kommune vedtok desember 2016 å løyve midlar til å etablere ei 11-ar bane for fotball ved Våge skule. Etableringa har skjedd i tett samarbeid med Fure idrettslag.

Tysdag 28. august kom endeleg den store dagen då det var offisiell opning. Det var kamp mellom Fure og Tambarskjelvar som Fure vann 2-1 og miniputtane fekk vise seg fram i pausen. Mykje publikum og god stemning!

Ordførar i Furedrakt - Klikk for stort bilete Tale ved ordførar - Klikk for stort bilete Publikum og lys - Klikk for stort bilete