Nye retningslinjer ved besøk på Fjaler sjukeheim

Fjaler sjukeheim - Klikk for stort bilete

Fjaler Sjukeheim opnar opp for at pårørande kan kome på besøk, men vi lyt framleis halde på ein del restriksjonar for dei besøkande: 

  • Du og den du skal besøke må vere friske.
  • Ta kontakt med avdelinga på førehand for å avtale besøk.
  • Hyppigheten av besøk bør begrensast, samt antal besøkande.
  • Desinfiser hendene dine når du kjem og når du går.
  • Besøk skal foregå på bebuaren sitt rom, ein skal gå direkte til pasientrommet når ein kjem, ein skal ikkje opphalde seg i fellesareal. Hagen må gjerne brukast som før.
  • Ein skal halde 1 meters avstand til bebuar og tilsette
  • Det vert ingen servering på romma under besøk.

 

Ta kontakt på telefon: 
Korttidsavdeling, telefon 414 64 562
Langtidsavdeling, telefon 414 69 582
Skjerma eining, telefon 953 09 778