Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Koronastatus for Fjaler

Spørsmål om Koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Nye rektorar i Fjalerskulen

Klikk for stort bileteMagnhild Hoddevik frå Holmedal er tilsett som ny rektor på Flekke skule og barnehage. Ho tek til i stillinga som rektor 01.08.2020 etter at noverande rektor Anita Nyland Skaar går tilbake til lærarstilling i Fjaler kommune.

Magnhild har grunnutdanning som adjunkt frå Bergen lærarhøgskole, vidare har ho hovudfag i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Bergen. Fram til 2014 har ho arbeidd som lærar og hovudtillitsvald i Askvoll kommune. Frå 2014 har ho arbeidd for Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane.





 

Klikk for stort bileteEli-Terese Sande frå Dale er tilsett som ny rektor for 1 – 10-skulen i Dale. Dingemoen skule og Fjaler ungdomsskule vert ein skule frå hausten 2021. Noverande rektor på Fjaler ungdomsskule Ola Sande går av med pensjon, og rektor på Dingemoen skule Bente Haugen, går tilbake til lærarstilling i Fjaler kommune.

Eli-Terese vert den nye rektoren for begge skulane frå 01.08.2020. Eli-Terese er utdanna lærar frå Sogndal lærarhøgskule. Ho har m.a. vidareutdanning i leiing frå Rektorskulen, samt lærarspesialistutdanning i kroppsøving. Eli-Terese arbeider som lærar og har inspektørfunksjon på Fjaler ungdomsskule i dag.