Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015
Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar klokka 10.00–12.00.

 

Nye nasjonale tiltak 25. mars 2021

Klikk for stort bilete Folkehelseinstituttet   

På grunn av smittesituasjonen i Norge må regjeringa innføre strengare nasjonale tiltak. Tiltaka vil gjelde frå torsdag 25.mars. Karantenehotell gjeld frå midnatt natt til måndag 29. mars. Fjaler kommune fylgjer dei nasjonale retningslinjene og reglane:

Dei nye retningslinjene

  • Hald 2 meter avstand til andre der det er mogeleg, bortsett frå dei du bur med, kjærasten din eller 1-2 faste kontaktar om du bur åleine.
  • Ha få kontaktar og dei same over tid. Vi anbefalar maks 10 sosiale kontaktar per veke
  • Maks 2 gjester på besøk
  • Hvis du kjem frå eit område med høgt smittenivå, bør du hverken reise på overnattingsbesøk eller ha overnattingsbesøk. Dei som bur åleine, og barn og unge under 20 år, kan ha overnattingsbesøk av ein til to faste venner.
  • Vi tilrår bruk av munnbind på alle stader der det ikkje er mogeleg å holde to meter avstand.
  • Vi anbefaler folk å berre nytte seg av kjøpesenter og varehus i heimekommunen.
  • Vi tilrår å utsetje alle reiser som ikkje er nødvendige, med desse unntaka:
    • Reiser til arbeid når det ikkje er mogeleg med heimekontor
    • Reiser heim til familien for studentar utan familie der dei studerar
    • Reiser til hytte saman med eigen husstand
  • Lokale ved universitet, høgskular og fagskular held stengt for elevar og studentar, slik at undervisningen skjer digitalt. Bibliotek og lesesalar kan haldast opne.
    • unntak dersom tilgang til lokale er avgjerande for studentar som er avhengige av forsøk eller ferdigheitstrening som ikkje kan gjennomførast digitalt, og det er nødvendig for å oppretthalde progresjon i studiet.
       

Dei nye reglane

  • Forbudt å skjenke alkohol over heile landet
  • Forbudt med innandørs organiserte idretts- og fritidsaktivitetar for vaksne
    • Unntak for profesjonelle toppidrettsutøvarar
  • Treningssenter kan kun holde ope for dei som er busett i kommunen
    • Treningssentrera kan også holde ope for dei som er busett i andre kommunar, dersom dei skal nytte følgande tilbod: rehabilitering og opptrening som tilbys individuelt eller i mindre grupper med arrangør, individuell trening og behandling som det kan bestillast time til.
  • Svømmehallar skal haldast stengt
    • Unntak for barn på svømmetrening og personar som treng bassenget til rehabilitering.
  • Fornøyelsesparkar, bingohallar og liknande underholdningstilbod skal holdast stengt.
  • Arbeidsgjevar skal sørge for at ansatte jobbar heimanfrå på alle arbeidsplassar der det er praktisk mogleg
  • Personar som returnerer til Norge etter unødvendige utenlandsreiser må tilbringe heile karantenetida på karantenehotell. Dette gjelder frå midnatt, natt til måndag 29. mars.
  • Vi anbefalar at alle planlagte arrangement vert avlyst. Hvis arrangementa ikkje kan utsetjast gjeld desse reglane:
    • Innandørs er det tillate med  20 personar på arrangement med faste, tilviste sitjeplassar.
    • Innandørs er det tillate med 50 personar på idrettsarrangement for personar under 20 år som høyrer til idrettslag i samme kommune.
    • Utandørs er det tillate med kun 50 personar på arrangement.
    • Det blir tillate med 50 personar i gravferder og bisettelsar når det nyttast faste tilviste plassar.