Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

Nye kriterium for testing av covid-19

Klikk for stort bilete

 

Frå 12. august er det nye testkriterium for covid-19. Dei som mistenkjer at dei er smitta eller har forkjølelsesliknande symptom kan bli testa utan først å bli vurdert av lege. Testing er gratis.

Informasjon om testing

Ynskjer du å teste deg for covid-19 er det er ein fordel at du tek kontakt så tidlig som mogeleg, og før klokka 10. Kontakt Fjaler legekontor på telefon 57 73 81 80.

Det er oppretta «Drive-thru» testing kvar yrkesdag mellom klokka 11.00 og 12.00. Testinga vert gjort medan pasienten set i bilen.

På helg er det legevakta på telefon 116 117 som vurderer om ein skal testast med det same, eller om ein kan vente til første yrkesdag og bli testa lokalt.

Symptom

Symptom på sjukdomen er som ved andre luftvegsinfeksjonar, som hoste, feber, sår hals, brystsmerter og pustevansker.
 

Helsetenesta anbefaler covid-19 testing for:

  • Alle med nyoppstått luftveisinfeksjon eller andre symptom på covid-19.
  • Alle som kan ha blitt smitta med covid-19, enten som nærkontakt eller etter reise i land med høg førekomst dei siste 10 dagane.

Les meir på folkehelseinstituttet sine nettsider