Ny kommuneoverlege i engasjement frå medio august


Hans Johan Breidablik er engasjert som kommuneoverlege/smittevernlege i Fjaler kommune.

Oppdraget gjeld for ett år og med opsjon på eit år til dersom begge partar ynskjer det. Stipulert omfang for oppdraget  tilsvarar rundt 40 %, dvs. to heile arbeidsdagar i veka.
 

Kommuneoverlegen har ansvar for smittevern, medisinsk-fagleg rådgjeving, miljøretta helsevern og overordna rådgjeving mot kommunehelsetenesta elles.

Breidablik er spesialist i øre-nese-halssjukdomar, i allmedisin og samfunnsmedisin. Han har hatt ei rekke stillingar i både  spesialist- og kommunehelsetenesta.
 

Breidablik  tek til i stillinga medio august.