No kan fleire få bustøtte til høge straumutgifter

Hus og folk - Klikk for stort bilete  

På grunn av høge straumprisar er bustøtta styrka i ein periode. Det gjer at fleire kan få bustøtte, og at mange får utbetalt meir bustøtte enn vanleg for januar, februar og mars. Alle som mottar bustøtte i denne perioden får utbetalt ekstra støtte til straum.


Tiltaket gjeld utbetalingar i januar, februar og mars. Du som alt mottek bustøtte treng ikkje søke på nytt.
Les meir om bustøtte til høge straumutgifter
 

Det er framleis mogleg å søkje bustøtte for desember og januar

No er det opna for at du kan søkje bustøtte for desember, januar og februar heilt fram til 1. april.
Les på husbanken.no om korleis du kan søkje om bustøtte for tidligare månadar.


Slik søker du om bustøtte

Bustøtta blir utbetalt månaden etter at du søkjer. Søk om bustøtte for februar innan 25. februar.


Treng du hjelp til å søke? 

Har du behov for hjelp til elektronisk søknad, får du timeavtale hos NAV Fjaler ved å ringe NAV Kontaktsenter på telefon 55 55 33 33. NAV Fjaler har også ope for korte avklaringar tysdagar og torsdagar frå klokka 12.00–14.00. (Kontoret kan bli stengt på kort varsel ved sjukdom og koronarestriksjonar.)