Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Koronastatus for Fjaler

Spørsmål om Koronavirus?
Ring den nasjonale publikumstelefonen 815 55 015

 

Nasjonale tiltak i Koronapandemien

Klikk for stort bilete

Den 7. april kom regjeringa med endringar i tiltak for å slå ned Koronapandemien.


Her er regjeringa sine endringar i tiltak

  • 20. april kan barnehagane opne
  • 27. april opnar 1.– 4. trinn, skulefritidsordningar og vidaregåande skular for elevar som skal ut i lære neste år.
  • 27.april opnar ein for studentar som er på slutten av studiet og avhengig av å vere på universitetet fysisk.
  • 20 april skal ein-til-ein helsetenester kunne gjenoppta større del av si verksemd.
  • Det skal lagast ein bransjestandard for smittevern slik at helsefaglege verksender utanfor spesialisthelsetenesta, som til dømes psykologar, fysioterapeutar og kiropraktorar, kan halde opent fra tidlegast 20. april.
  • Ein tilsvarande bransjestandard skal lagast for andre verksemder med ein-til-ein-kontakt, som til dømes frisørar, hudpleie og massasje, slik at dei kan halde åpent fra seinast 27. april, men tidlegst når bransjestandarden er klar.
  • 20. april vert hytteforbodet oppheva

 

Sjå meir om endringane på regjeringa.no