Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og unge - utlysing for 2021

Klikk for stort bilete 

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2021 er det sett av om lag 360 millionar kroner til ordninga "Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn og ungdom". Bufdir forvaltar og lyser ut midlane med søknadsfrist 4.desember.

 

Målet med ordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Frivillige organisasjonar, private aktørar og offentlege instansar kan søke.

 

Sjå heimesida til Bufdir for meir informasjon og søknadsskjema. Lurer du på noko kan du kontakte Bufdir eller kommunen sin kontaktperson Kristin Rivedal Yndestad på telefon 57 73 81 03 eller epost kry@fjaler.kommune.no.