Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015

 

Melkeveien – bilfri møteplass

Visualisering av Melkevegen som bilfritt område - Klikk for stort bilete
Fjaler kommune ynskjer å teste ut Melkeveien som bilfritt område i sommar. Melkeveien er vegen som går mellom Samvirket og Dale senter og vil frå ca. 4. juni vera stengt for parkering  - i fyrste omgang ut september og i lengre periode dersom det vert ein suksess.

Samarbeid med butikknemda om eit triveleg uteområde

Vi har i samarbeid med Butikknemnda i Dale og fleire butikkar i Dale senter jobba saman med møbeldesignar og interiørarkitekt Tuva Rivedal Tjugen med området for at det kan fungere som ein uteplass som folk ynskjer å bruke. Ho har latt seg inspirere av at folk kallar vegen for Melkeveien der ho t.d. foreslår å nytte mjølkespann som sperringar for trafikk.

Vi har hatt fokus på at det skal verte ein triveleg plass med fargar og som kan utviklast litt etter litt utover sommaren. I fyrste omgang kjem det på plass blomar, så kjem det maling på asfalt og meir utemøblar i vekene framover. Tiltaka som vert no er midlertidige då vi veit at det skal gjennomførast større tiltak med graving av overflaterøyr det neste året – men det vil gje oss ein peikepinn på kva som kan fungere i området på lengre sikt.

Håper at vi får til ein dugnad tidleg neste veke for å få fleire element på plass.

Spørsmål kan stillast til kulturleiar Ingeborg Tysnes.

Visualiserit av Melkevegen som bilfritt omåde - Klikk for stort bilete   

Ingeborg Tysnes
Leiar kultur
E-post
Telefon 57 73 80 44
Mobil 988 65 054