Medieoppslag om vaksinasjon i Fjaler

Klikk for stort bilete

VG jobbar med ei sak der dei har undersøkt korleis vaksinasjonsdekninga er i kommunane (link under).

Saka kjem opp som følgje av utbrot av mellom anna meslingar nokre stader i landet.

 

 200 studentar utgjer ein stor del av folketalet  og statistikkgrunnlaget for Fjaler  som har ca  2 700 innbyggarar. Men desse elevane får vaksinene som dei manglar etter at dei er komne til Fjaler. Det kan gå ei stund frå studentane kjem til dei får personnummer og difor vert det forseinking i registrering av vaksine i Nasjonalt vaksinasjonsregister.

Statististisk er vaksinasjonsdekninga låg, men faktisk er vaksinasjonsdekninga for alle vaksinasjonar inkludert meslingar og kikhoste høg.
 

Leiande Helsesyster har svart oppklarande til VG, men dersom det vert oppslag i media om vaksinasjonsstatus i Fjaler så er det ei god forklaring på den låge dekninga som statistikken syner.

https://www.vg.no/spesial/2019/vaksine-tallene/?utm_source=vgfront&utm_content=row-1

 

 

Bente Nesse

Rådmann