Lyst på ein spennande helgejobb?

Klikk for stort bilete

Vi treng ein aktivitetsleiar for fritidsaktivitetar for barn i Fjaler kommune. Vi har i fleire år hatt eit fast fritidstilbod i kommunen, som vi treng vikar for ut skuleåret. Tilbodet bygger på å bruke naturen som arena for meistring og samspel. Førebuing og tillaging av eit måltid er inkludert i aktiviteten.

 

Det er viktig at du er glad i vere ute, og har gode tankar om korleis bruke naturen som læringsarena. Ein kan også legge opp til aktivitetar innandørs. Vidare er det viktig at du er ein trygg og tydeleg vaksen for barna som er med i aktiviteten.

 

Vi har to grupper som får tilbod om aktivitet. Første gruppa er for i barneskulealder, og andre gruppa er frå ungdomsskulealder og oppover. Kvar av gruppene får tilbod om aktivitet ei helg i månaden. Aktiviteten varer i om lag 5 timar kvar gong. Ein får løn etter avtale for 10 aktivitetstimar, samt tid til førebuing og matinnkjøp. Vi treng vikar til fire økter, ein i månaden frå mars – juni.

 

Er du interessert, eller ønsker meir informasjon, ta kontakt med folkehelsekoordinator Kristin Rivedal Yndestad på telefon 57 73 81 03 eller epost kry@fjaler.kommune.no.