Lyst på ein spennande helgejobb?

Klikk for stort bilete Vi treng ein aktivitetsleiar for fritidsaktivitetar for barn i Fjaler kommune. Vi har i fleire år hatt eit fast fritidstilbod i kommunen, som vi treng vikar til for året 2019/2020. Tilbodet bygger på å bruke naturen som arena for meistring og samspel. Førebuing og tillaging av eit måltid er inkludert i aktiviteten.

 

Det er viktig at du er glad i å vere ute, og har gode tankar om korleis bruke naturen som læringsarena. Vidare er det viktig at du er ein trygg og tydeleg vaksen for barna som er med i aktiviteten.

 

Vi har to grupper som får tilbod om aktivitet. Ei barnegruppe og ei ungdomsgruppe. Kvar av gruppene får tilbod om aktivitet ei helg i månaden. Aktiviteten varer i om lag 5 timar kvar gong. Ein får løn etter avtale for 10 aktivitetstimar, samt tid til førebuing og matinnkjøp. Første økta er i september, og siste økta er i juni 2020.

 

Er du interessert, eller ønsker meir informasjon, ta kontakt med folkehelsekoordinator Kristin Rivedal Yndestad på telefon 57 73 81 03, eller epost kry@fjaler.kommune.no. Frist 18.august.