Lokale karantene vedtak i tidligare Sogn og Fjordane vert oppheva søndag 22. mars

Klikk for stort bilete 
Søndag 15. mars fatta kommuneoverlegar i dei fleste kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane vedtak om at personar som hadde hatt opphald i ei rekke andre regionar i Norge, måtte vere i karantene i 14 dagar etter innreise til kommunen.

No vert vedtaka oppheva frå søndag 22. mars.
 

Pressemelding søndag om oppheving av vedtaket

- Då vedtaket vart fatta var det eit lågt smittepress i vår region, og vi såg det som vårt ansvar å gjere alt vi kunne for å halde det slik så lenge som mogeleg. Det har også vore viktig å beskytte sjukehusa våre og det lokale helsevesenet i kommunane mot smitte så lenge som mogeleg, seier kommuneoverlege i Sunnfjord, Øystein Furnes.
 

– Dette har vore inngripande tiltak, men dei har blitt gjort for å gi innbyggjarane våre eit betre vern i ein situasjon der spreiing av smitte framleis var klart forskjellig i ulike regionar, seier kommuneoverlege i Sogndal, Leiv Erik Husabø. -Vedtaka har vore ei forsterking av tiltak som allereie var sett i gong nasjonalt, og vi har sett at dette har hatt ein god effekt både gjennom sjølve karantenereglane, men også gjennom ei auka merksemd omkring alle dei tiltaka vi alle må gjere i kvardagen vår.
 

Det har vore gjort slike vedtak i mange kommunar i landet, og tiltaka har ført til at mange bedrifter har måtta gjort tilpassingar i drifta utover det som dei nasjonale vedtaka har ført til. - Dette har vore ein del av den vurderinga som vart gjort då vedtaka vart fatta, seier kommuneoverlege i Kinn, Jan Helge Dale. – Vedtaka la til rette for at forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar ikkje skulle verte hindra av lokale karantenereglar, og vi har som kommuneoverlegar i dei aktuelle kommunane vore opptekne av å vere tilgjengelege for rettleiing av næringslivet i samband med vedtaka. Vi har med dette nådd ut med mykje god smittevernrettleiing i enkeltsaker, og vi har sett at næringslivet har teke situasjonen på alvor og gjort det dei kan for å redusere spreiing av smitte mellom lokalsamfunn.

 

Etter lova har vedtaket ei varigheit på sju dagar, og ei eventuell forlenging av vedtaket må vurderast ut ifrå noverande utbreiing av koronaviruset og dei faglege råda frå Folkehelseinstituttet. – Vi ser no at vi er på veg over i ein ny situasjon der smitte med koronaviruset vert påvist i fleire og fleire delar av regionen vår, og vi veit at vi ikkje får testa nok til å fange opp alle som kan vere smitta i lokalsamfunnet vårt, seier Frode Myklebust som er kommuneoverlege i Årdal, Lærdal og Aurland. - Folkehelseinstituttet si vurdering er no at lokale vedtak om karantene ved reise innanlands ikkje lenger vil ha den effekten vi ønskjer oss. Vi har derfor ikkje funne grunnlag for at kommunane skal forlenge dei vedtaka som vart gjort.
 

Frå søndag 22. mars vil ikkje dei lokale karantenvedtaka lenger vere gjeldande, men eit samla fagmiljø av kommuneoverlegar ber framleis befolkninga om å ha stort fokus på smitteverntiltak i tida som kjem. Alle vert oppmoda til å reise minst mogeleg og ta omsyn til kvarandre med å halde avstand og ha stort fokus på handhygiene. Alle som har symptom på luftvegsinfeksjon skal halde seg heime for å ikkje smitte andre. Vi ser stor vilje blant enkeltpersonar og bedrifter til å gjere alt dei kan for å bremse spreiinga av viruset, og uavhengig av lokale vedtak, vil fokuset måtte vere det same framover, seier kommuneoverlege Thomas Vingen Vedeld i Stad kommune. - Kvar og ein kan gjere ein viktig forskjell med desse tiltaka, og bidra til å beskytte dei mest sårbare i samfunnet vårt.