OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

LivOGLyst for samfunnsutvikling

LivOGLyst er eit program og nettverk for deg som ønskjer å vidareutvikle lokalsamfunnet ditt. LivOGLyst er ei satsing der menneske, næringsliv, organisasjonar og kommunar samhandlar. Søk tilskot innan 25. oktober.

LivOGLyst-forprosjekt (eittårig) vert tildelt finansiell stønad for eitt år, kr 80 000. LivOGLyst-hovudsprosjekt (treårig) vert tildelt finansiell stønad, kr 390 000 fordelt over tre år.  

For hovudprosjekt skal også den aktuelle kommunen bidra med finansiell stønad til prosjektet, kr 90 000 fordelt over ein treårig periode.  

Søknadane bør vera forankra politisk i Fjaler kommune. Ta kontakt med Ingeborg Tysnes på epost: iot@fjaler.kommune.no dersom du ynskjer å søkje.

For meir informasjon og søknadsskjema sjå her

Til toppen