Lillingstonheimen vert vurdert solgt

Sorenskrivargarden - Klikk for stort bilete

Jmf. kommunestyrevedtak 008/17 vurderer Fjaler kommune å selge Lillingstonheimen.  

Eigedomen vert solgt etter ein uavhengig vurdering av marknadsverdien. Eigedomen er ikkje freda, men kommunen ynskjer å legge på noko klausular for sal for å sikre kulturminneverdiane i bygget og at huset framleis skal vera offentleg tilgjengeleg.

Som vedlegg til denne saka ligg to ulike klausular avhengig av kven som er kjøpar - samt takst.

Fjaler kommune arva eigedomen «…til benyttelse som representasjonshus til kommunale tilstelninger og andre tilstelninger i kommunens regi, ferie og hvilested for dem som kommunen måtte ønske å tilgodese på denne måten…»

Fjaler kommune ser ikkje på drift av dette huset som si kjerneverksemd og ynskjer å undersøkje om det er andre eigarar som kan skjøtte huset på ein betre måtar i henhold til statuttane.

Det er i siste ledd kommunestyret som avgjer om og til kven huset skal selgast til.

Det vert visning av huset for interesserte i slutten av september. Frist for å levere driftskonsept og pris mandag 25. september.

Publisert av Ingeborg Opdøl Tysnes. Sist endra 28.08.2017 av Ingeborg Opdøl Tysnes

 
 
Login for redigering