OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Kven vil du foreslå til Fjalerprisen 2022

Fjalerprisen er ein samla pris som erstattar tidlegare næringspris og kulturpris. Det er bestemt at prisen skal delast ut kvart 2. år 

Føremål med Fjalerprisen
•    å gje honnør for særleg innsats til beste for kommunen
•    å setje fokus på nyskaping, openheit og inkludering

Kandidatane skal i tråd med føremåla ha:
•    profilert Fjaler kommune på ein positiv måte 
•    bidrege særskilt til å utvikle Fjalersamfunnet 
•    bidrege særskilt til marknadsføring av Fjaler kommune 
•    ytt ei ekstra innsats for å fremje nemnde verdiar

Fjalerprisen kan tildelast:
•    ein person, som har tilknyting til Fjaler kommune
•    verksemd, institusjon, frivillig lag og organisasjon/ institusjon som høyrer heime i Fjaler kommune
 

Det er sett ned ei nemnd som vurderer forslaga. Formannskapet avgjer om prisen skal utdelast. Prisen er eit kunstverk og 15 000 kroner.


Send skriftleg og grunngjeve forslag til:
Fjaler Kulturkontor
Dalstunet 20
6963 Dale i Sunnfjord

Epost: ingeborg.tysnes@fjaler.kommune.no / tlf. 57 73 80 44

Forslag på kandidatar må vera oss i hende måndag 10. november 2022
Tidlegare foreslåtte kandidatar vert teken med i vurderinga.

Kven som har fått Fjalerprisen og kultur/næringsprisen tidlegare finn du nedst i denne artikkelen
 

Til toppen