Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

Kven vil du foreslå til Fjalerprisen 2020?

Klikk for stort bilete

Fjalerprisen er ein samla pris som erstattar tidlegare næringspris og kulturpris. Det er bestemt at prisen skal delast ut kvart 2. år. Det er sett ned ei nemnd som vurderer forslaga. Formannskapet avgjer om prisen skal utdelast. Prisen er eit kunstverk og 15 000 kroner.
 

Føremål med Fjalerprisen

  • å gje honnør for særleg innsats til beste for kommunen
  • å setje fokus på nyskaping, openheit og inkludering

Kandidatar skal i tråd med føremåla ha:

  • profilert Fjaler kommune på ein positiv måte
  • bidrege særskilt til å utvikle Fjalersamfunnet
  • bidrege særskilt til marknadsføring av Fjaler kommune
  • ytt ei ekstra innsats for å fremje nemnde verdiar

Fjalerprisen kan tildelast:

  • ein person, som har tilknyting til Fjaler kommune
  • verksemd, institusjon, frivillig lag og organisasjon/ institusjon som høyrer heime i Fjaler kommune
     

Send skriftleg og grunngjeve forslag innan 10. november til:

E-post: ingeborg.tysnes@fjaler.kommune.no

eller pr. post:

Fjaler kommune
v/ Kulturkontoret
Dalstunet 20
6963 Dale i Sunnfjord


Forslag på kandidatar må vera oss i hende innan 10. november 2020. Tidlegare foreslåtte kandidatar vert teken med i vurderinga.