Kulturminnedugnad i Dale

Gamle kommunehuset, skulehuset og Dale kyrkje - Klikk for stort bilete Etter årsmøtet i Fjaler sogelag onsdag 13. februar, vert det ope for alle interesserte til å vere med på kulturminnedugnad for Dale, Fjorden og øvre del av krinsen.  Dette skjer i det gamle kommunehuset i Dale frå kl 19.30

 

Kulturminneplan for Fjaler kommune

er under arbeid og skal vere ferdig i 2019.

Gaute Losnegård og Stig Nordrumshaugen innleiar til dugnaden

Liv Synnøve Andersen og Geir Grytøyra vert med frå administrasjonen i kommunen

Kulturminne-nemnda ved Hjørdis Åsnes vonar mange møter opp til dugnad denne kvelden!