Kreftomsorg i Fjaler kommune

Klikk for stort bileteKreftsjukepleiar i Fjaler kommune er sjukepleiar Charlotte Bjørvik. Ho er tilsett i 30 % stilling. Kreftomsorga i kommunen er eit lågterskeltilbod, der både pasient og pårørande kan ta direkte kontakt. Kreftsjukepleiar kan kontaktast i alle fasar av sjukdomen.

 

 

Kreftsjukepleiar og ressurssjukepleiar er fagpersonar som:

  • kan reise på heimebesøk
  • har tid til å lytte
  • kan vere ein ressursperson for den kreftramma og deira pårørande
  • kan svare på faglege spørsmål og gje rettleiing rundt diagnose, behandling, rehabilitering og omsorg ved livets slutt
  • kan hjelpe å koordinere og tilrettelegge kvardagen for kreftsjuke og pårørande på ein best mogleg måte
  • kan bidra til å skaffe praktisk hjelp og støtte
  • kan kartlegge den enkelte sine behov
  • er ein støttespelar for barn og unge som er ramma av kreft eller der barn er pårørande
  • har oversikt over relevante tilbod og tenester som kan passe for deg og dine pårørande
  • skal bidra til gode rutine og system for kreftomsorg i kommunen
     

Les meir om tenesta og finn kontaktinformasjon her