Koronavirus covid-19

Samla informasjon frå Fjaler kommune om Koronavirus

Har du spørsmål om koronavirus?  Du finn mykje nyttig informasjon på fhi.no. Lokal koronatelefon 976 89 290 er open kvardagar 09.00 - 14.00. 
Nasjonal informasjonstelefon 815 55 015 er open kvardagar 08.00 - 15.30.

 

Koronavaksine

Klikk for stort bileteBilete lånt frå Folkehelseinstituttet    

Koronavaksinasjonen er ein del av det nasjonale vaksinasjonsprogrammet, og kommunen skal tilby innbyggarane vaksinasjon. Fjaler kommune vil få tilgang til fleire ulike vaksinetypar, og dei vil kome på forskjellige tidspunkt. Vi veit ikkje kortid dei forskjellige vaksinane frå dei forskjellige leverandørane kjem. Det får vi forløpande informasjon om.
 

Status på vaksinering i Fjaler kommune

I veke 2 blei vi ferdige med å vaksinere sjukeheimsbebuarane. Vi starta og i veke 2 med vaksinering av utvalde helsearbeidarar. F.o.m veke 2 skal 20 % av vaksinene gå til helsearbeidarar jmf. FHI si prioriteringsrekkefølge. Vi går no over i neste prioriterte gruppe som er innbyggarar frå 85 år, helsearbeidarar og vaksine nummer to til dei fyrste som fekk vaksina. Frå og med veke 3 startar vi å kontakte innbyggarar i gruppe 2 (85+) per telefon, for avtale om time for vaksinering.

Prioriterte grupper

Kommunen eller fastlegen din tek kontakt med deg når det er din tur for tilbud om vaksinasjon. Du treng ikkje kontakte kommunen eller fastlege for å setje deg på venteliste. 

Koronavaksine og vaksinasjon er gratis.

Det nye koronaviruset gir infeksjon i luftvegane. Dei fleste får ingen eller milde symptom, men nokre blir alvorleg sjuke. Dei eldste og dei som har enkelte andre sjukdommar frå før har størst risiko for alvorleg sjukdom.

I starten vil det ikkje være nok vaksine til alle som er anbefalt å ta koronavaksine. Basert på råd frå folkehelseinstituttet har regjeringa gitt følgande prioritering, med de høgast prioriterte først:

Sjå prioriteringsrekkjefølga for koronavaksine
 

Meir informasjon om koronavaksine

Folkehelseinstituttet sin nettside: