Korona- og influensavaksine hausten 2024

No er det tid for å ta influensavaksine og påfyll av koronavaksine. I år kan du ta korona og influensavaksine samtidig om du ynskjer det.

Vaksinering skjer på følgane tid og stad:

  • Guddal skule: Torsdag 24. oktober klokka 13.00–14.30
  • Dale, kommunestyresalen på Fjalerhuset: Tysdag 29. oktober klokka 12.00–18.00 (pause 14.45–15.15)
  • Joker Korssund: Fredag 1. november klokka 11.30–13.30

Du møter opp der det høver for deg å ta vaksinane. Det er ikkje timebestilling.

Dersom ikkje nokon av tidene høver for deg kan du følge med her på heimesida, det vil bli satt opp fleire vaksineringsøkter i Dale.

Informasjon om pris/betaling:

  • Influensavaksinen kostar 150 kroner
  • Koronavaksinen er gratis
  • Du kan betale med vipps eller vi kan sende deg faktura

Grupper som anbefalast koronavaksine

Folkehelseinstituttet anbefalar at følgande grupper bør ta ei ny oppfriskingsdose med koronavaksine før haust/vintersesongen 2024/25:

  • Personar som er 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
  • Personar i aldersgruppa 18-64 som inngår i ei risikogruppe
  • Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorlig grunnsjukdom
  • Barn 6 månader til 11 år med alvorleg grunnsjukdom etter individuell vurdering
  • Gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan bli vurdert dersom den gravide har tilleggssjukdommar som gir ytterlegare auka risiko. Vaksinering av gravide vil også beskytte det nyfødte barnet.
  • Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte.

Grupper som anbefalast influensavaksine

Folkehelseinstituttet anbefalar Influensavaksine for:

  • Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med anna tilleggsrisiko 
  • Prematurt fødte barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, fra 6 månader (kronologisk alder) til 5 år
  • Barn og voksne med:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • hjarte- og karsjudom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsatt lungekapasitet og/eller hostekraft
    • nedsatt immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annen alvorleg og/eller kronisk sykdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (f.eks. personar med medfødte kromosomavvik, genetiske syndrom og sammensatte kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad)
  • I tillegg anbefalast influensavaksine til:
    • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie.
    • Personar som bur saman med (eller tilsvarande nære) immunsupprimerte
    • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
    • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl. For grunngjeving sjå eigen artikkel: “Sesonginfluensavaksine til personer i fjørfenæringa ved utbrudd av fugleinfluensa”
       

Sjå meir informasjon på folkehelseinstituttet sine heimesider

Informasjon og samtykke ved vaksinering av barn

Heidi Roos
Leiar helseteneste
E-post
Telefon 57 73 81 20
Janne Øksenberg
Leiar heimeteneste
E-post
Telefon 57 73 81 54