Korleis står det til med folkehelsa i Fjaler ?

 
20. april går startskotet for Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022. Undersøkinga vil gje Fjaler kommune ny og unik lokalkunnskap om korleis innbyggjarane våre har det. Resultata frå undersøkinga vil bli viktige verktøy i arbeidet med å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.

Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, i dialog med kommunane. Spørsmåla handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre forhold som har betyding for folkehelsa. Deltakarane blir trekt tilfeldig frå folkeregisteret, og vil få invitasjon via SMS og e-post. Undersøkinga vil gje Fjaler kommune verdifull informasjon om korleis innbyggarane har det. 

Spørsmåla i undersøkinga er relevante både for folkehelsearbeidet i Fjaler , og til drift og planlegging innafor ei rekkje av kommunen sine ansvarsområde som samfunnsutvikling, oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet.

Tolv heldige deltakarar blir trekt ut til å vinne universalt gåvekort – to på kr 2500 og ti på kr 1000.  Gåvekorta er gyldig i fem år. 

Meir informasjon:

Meir informasjon og lenke til undersøkinga finn du på Vestland fylkeskommune sine sider. 

Kontaktinformasjon: