Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015

 

Kommunen sitt ansvar for kontroll og tilsyn med smittevernreglane

 Klikk for stort bilete   

Helsedirektoratet har utarbeidd ein rettleiar for korleis kommunane skal gjennomføre kontroll og tilsyn med at innbyggjarar og verksemder overheld reglane i smittevernlova og dei nasjonale smitteverntiltaka. Det er anbefalt at kommunane gjennomfører tilsyn basert på ei risikovurdering.


Fjaler kommune vil framover fylgje opp med kontrollar i form av personleg oppmøte, telefonar og e-post.

Vi minner om at lag og organisasjonar skal gjennomføre vurdering av risiko for smittespreiing når ein planlegg gjennomføring av aktivitet og arrangement. Det skal også føreligge smittevernrutinar. 

Merk: Frå 25. mars til 12. april anbefalar Regjeringa at alle arrangement vert avlyst.