Kartlegging og verdsetting av friluftsområde i Fjaler kommune

Kommunestyret i Fjaler vedtok i mai 2019 å starte opp arbeid med kartlegging og verdsetting av friluftsområde. Arbeidet er ei temakartlegging, og ikkje ein plan. Det vil seie at kartlegginga ikkje er juridisk bindande. Føremålet med kartlegginga er å identifisere areal i kommunen som blir brukt til friluftsliv. Betre kunnskap om friluftsområda er viktig for å ivareta god arealplanlegging i kommunen.

Klikk for stort bilete

Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder er ei nasjonal satsing, forankra i Nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv og i Nasjonal handlingsplan for statleg sikring og tilrettelegging av friluftslivsområder. Kartlegginga føl Miljødirektoratet si handbok, Rettleiar M98-2013. Kartlegginga legg særskilt vekt på nærturområde, grøntdrag/turdrag og grøntområde i og nær busetnad og tettstader. Resultata vert publisert i Miljødirektoratet si Naturbase.

Sogn og Fjordane fylkeskommune koordinerer prosjektet, og har som mål at alle kommunar skal ha gjennomført friluftskartlegging innan 2019. FNF- «Form for natur og friluftsliv», er leigd inn som prosjektkoordinator i fylket. Dei skal informere og følgje opp kommunane undervegs i prosjektet. I Fjaler kommune er det Kristin Rivedal Yndestad som er prosjektleiar, og Gaute Lundeland som er prosjektmedarbeidar. Arbeidsgruppa elles består av Ingeborg Opdøl Tysnes og Knut David Hustveit.

Alle innbyggarar er velkomne til å komme med innspel til arbeidet. E-post: postmottak@fjaler.kommune.no, eller kontakt Kristin på kry@fjaler.kommune.no /57 73 81 03.