Koronavirus - Fjaler kommune

Siste nytt  |  Status vaksinering  |  Om koronatesting Temasider

Spørsmål om koronavirus? Ring den nasjonale informasjonstelefonen 815 55 015

 

Intervju med smittevernlegen og vaksinekoordinatoren om koronavaksinering

Klikk for stort bileteVaksinekoordinator Heidi Roos og Smittevernlege Jakob Ravn 

Vi har intervjua smittevernlege Jakob Ravn og vaksinekoordinator Heidi Roos om koronavaksinering i Fjaler. Det er mange som har spørsmål om vaksinering, og i intervjuet under svarar dei på nokre av spørsmåla som mange lurer på. 


Heidi og Jakob svarar på ofte stilte spørsmål om koronavaksinering:

Eg fekk tilbod om AstraZeneca før den bli trekt tilbake. Eg har ikkje høyrt noko meir – har de gløymt meg?

Der var en gruppe som fik tilbud om vaksine lidt tidligere en de ellers skulle have haft, fordi der var en periode hvor AstraZenca-vaksinen kun var godkendt til personer under 65. Nu hvor AstraZenca vaksinen ikke bliver brugt, følger vi igen den prioritering, som er vist på kommunens hjemmeside. (Jakob)

Dei som fekk tilbod om Astra Zeneca er ikkje gløymt. De vil bli kontakta når det er dykkar tur for Pfizer vaksine. (Heidi)

 

Eg fekk første dose av AstraZeneca, kva skjer med dose 2?

De som har fået 1 dose med Astra Zeneca vil bliv tilbudt dose nr. 2 med Pfizer-vaksine. Der er sendt  et brev til de relevante personer med nærmere information (Jakob).

Vi ønskjer i tillegg tilbakemelding på om de ønskjer Pfizer som andre dose ved at de svarar på sms-en de har fått frå Fjaler kommune ja, nei eller usikker. Vi nytter tilbakemeldinga som bekrefting på at informasjonen er motteke. (Heidi)

Eg skal vere i Fjaler i ein lenger periode, kan eg få vaksine i Fjaler sjølv om eg ikkje har bustadadresse her?

Vaksineringen er en vanskelig logistisk øvelse, og ved kortvarige ophold (under tre mdr.) i kommunen vil vi normalt ikke kunne tilbyde vaksinering her. Ved længerevarende ophold vil vi måtte gøre individuelle vurderinger (Jakob).

 

Eg skal på ferie, så det passer ikkje å få vaksine no. Kva gjer eg då?

Vaksineringsprosessen stopper ikkje opp sjølv om det er ferie. Vi sender ut fortløpande til innbyggarane sms om at ein kan tinge seg time når det er klart for vaksinering i aktuell gruppe. Om du ikkje bestiller time vil andre få tilbodet. Du kan imidlertid bestille time i ettertid om du er bortreist når tilbodet kjem.

FHI kjem til å sende ut vaksiner på same måte som elles og i ferien. Det er veldig viktig at vi nytter alle vaksinene som kjem. Pfizer vaksina kan ikkje lagrast men må gjevast innan 5 dagar etter at vi har fått ho til kommunen. Det vil sei at om vi får vaksiner og folk venter med å bestille timer sånn at vi ikkje har nok innbyggarar til å sette vaksiner på så kan vi kome i den situasjonen at vi må kaste vaksiner. (Heidi)

Eg er bortreist når eg skal få dose 2. Kan eg bytte time eller utsette den?

Å byte time med andre er ikkje mogleg. Då seier du i realiteten frå deg din time og den vil bli frigjeven til andre som kan bestille den via kommunen sitt system. Det er viktig å ikkje gjere andre avtalar når ein har time til vaksinering. Einaste grunn for ikkje å kome til oppsett time er akutt sjukdom (at ein er blitt sjuk på vaksineringdagen eller innlegging i sjukehus) I dag fekk eg spørsmål om eksamen er gyldig grunn for ikkje å bestille time den dagen ein har fått tilbod. Det er det sjølvsagt :-) (Heidi)

Får eg vaksine i Fjaler dersom eg har fastlege i anna kommune?

Hvis du er bosat (har adresse i Fjaler) skal du få tilbud om vaksine her.(Jakob)

Kva då dersom eg også er i risikogruppa?

For de som er i prioriteret gruppe for vaksine pga. sygdom, er vi afhængig af tilbagemelding fra pasientens fastlege for at vi kan finde rigtigt tidspkt. for at give vaksinen (Jakob)

Kan eg og ektefelle få vaksine samtidig? (har mykje å sei for vidare reisemoglegheiter saman) 

I det nye bookingsystemet tingar innbyggarane time til vaksinering sjølv. Via sms får innbyggaren beskjed om at no er det opna for bestilling av time i di gruppe. Om ektefeller er i same gruppe og det er opna for bestilling på begge kan de tinge time til same dag. Om ikkje så er det ikkje mogleg å få vaksine samtidig. (Heidi)

Har de gløymt meg? Eg er i aktuell gruppe, men har ikkje høyrt noko enda… Og det har naboar og andre i same gruppe

Listene vi nytter som grunnlag for prioriteringane er henta ut frå folkeregisteret. Så alle som er folkeregistrert i Fjaler kommune er på listene våre. På Fjaler kommune si heimeside under fana «status vaksinering» finn alle informasjon om kor langt vi er komen i vaksineringa. Vi  oppdaterer informasjonen kvar veke i forhold til kva gruppe vi held på med å vaksinere. Om du ser at vi er ferdig med di prioriteringsgruppe og du ikkje har fått informasjon frå oss så må du ringe inn til kommunen sitt sentralbord og gje beskjed. (Heidi)